Wednesday, March 14, 2007

Typisk hovudsak i Vikebladet


Tuppen på den 25w sterke pyntelyspæra sprakk då kvinna sette på
lyset. Og ut kom det sivande heilt svart røyk.


Lyspæra eksploderte!!

Ei kvinne i Ulsteinvik fekk seg litt av ein kipp måndag kveld då ho sette på lyset heime i stova. Kvinna hadde før på dagen vore i butikken og kjøpt fire Osram pyntelyspærer med liten sokkel.

Komen heim skrudde ho lyspærene inn i lysekrona og gjekk bort til brytaren for å slå på lampen. Då kom det ein lyd, og ut av den ein lyspæra siva det svart røyk. Straks etter sløkna ho heilt. Men i ei lita stund kom det sivande ein svart røykstråle ut av pæra og vidare ut i stova.

Det synte seg at tuppen av pæra hadde blitt knust i eksplosjonen.
Eg har aldri opplevd maken, og syntest det var nifst. Borna mine sat like ved og såg på TV, fortel kvinna.

Ho gav seg til å leite etter glasbrotet frå lyspæra, men har ikkje funne det enno.


1 comment:

Anonymous said...

Jippi! Du har postet:) Det er gøy å lese postene dine. Du er flink å poste! Og utenom er du vanvittig flink å spille gitar. Og jeg er flink å si det åpnebare:)Klem